søndag 15. desember 2013

God jul!

Litt travelt i innspurten for oss strikkarar, men nå nærmar det seg mål.. Julekalendaren som eg starta på for nokre år sidan har mangla nokre vottar, men no er han ferdig! JUHU! Vottane er strikka med Falk, og oppskrifta er frå eit av julehefta til Dale garn.

Ellers går det i julegavar. Mange er ferdige, og kan ikkje visast fram før jul...men ein julegave kan eg leggja ut på bloggen, sidan det er svært lite truleg at mottakaren vil sjå han. Oppskrifta på dette trekket til tennbrikettboks fann eg på bloggen strikkemette.blogspot.no, og det er ei oppskrift Mette har laga sjølv. Imponerande! Trekket er strikka med Sandnes Alpakka, litt ujamnt resultat, men det trur eg ikkje mottakaren vil leggja merke til.. Desse to prosjekta blir mitt bidrag til "Mens vi venter" på pinnekroken.blogspot.no


mandag 25. november 2013

Mariusgenser

254 masker på omgangen og glattstrikk i 50 cm før mønster  = GANSKE KJEDELIG.. Endå kjedeligare vert det viss eg tenkjer på at eg må strikka to svære armar når eg er ferdig med bolen..Men då hjelp det å tenkja på dei to gode og fine Mariusgensrane eg alt har strikka. Den svarte med raudt er min, og den mørkegrå er tiåringen Sigve sin. Så viss mannen i huset har oppført seg fint i år, er han kanskje så heldig at han får ein veldig mjuk pakke under juletreet. Viss ikkje vert det kanskje bare en haug med harde og kalde tekniske duppedittar, utan kjærleik i kvar maske!

torsdag 21. november 2013

Bella tunika og eit langdrygt julegaveprosjekt..

Bellamønsteret er eit kjekt mønster, og her er bilde av Bellaprosjekt nummer to. Tidlegare har eg strikka Bellatopp i Sandnes Mini Duett. Denne tunikaen er strikka i Adore fra Gjesdal.


Så har eg starta på eit (alt for) stort julegaveprosjekt.. To og eit halvt nøste har eg strikka til no, bare 15 nøster igjen....kan hende blir det ein påskegave i staden..








fredag 8. november 2013

StrikkeUGGs, Stripetrøje og NRK

Her er mitt resultat frå Nasjonal strikkekveld på NRK, og dette blir mitt bidrag til utfordringen på pinnekroken.blogspot.no  Eg starta med å gjera ferdig Lene Holme Samsøe si berømte "Priktrøje", men den var mykje meir innvikla enn eg hadde trudd..mønster på vranga ligg ikkje for meg altså!

Priktrøje blei difor omdøypt til Stripetrøje..ikkje så veldig nøgd med resultatet, då det eigentleg var prikkane eg likte best med heile jakka..


Starta difor på desse kule UGGsa, oppskrifta kjøpte eg her: http://hemilia.bigcartel.com . Tøflene er no i bruk, og vil nok halda føtene gode og varme i nokre kalde månadar framover.
Strikkenatta vart ikkje så lang for meg, men det var ei koselig underhaldning så lenge det varte :)



mandag 28. oktober 2013

Verdas mjukaste garn!

Tenk på det mjuke og gode garnet me har i dag, samanlikna med det garnet dei brukte før i tida. Ein uendeleg stor skilnad! Denne hua er fra "I all enkelhet" av Marthe Helgetun. Strikka i dobbelt garn på pinne 5, med verdas mjukaste garn.: BabySilk frå DSA.

søndag 27. oktober 2013

Hekta på Lene Holme Samsøe!

Eg har gått til innkjøp av "Babystrik på pinde 3", og er kjempeimponert! Eg har mellom anna strikka min fyrste Bella topp, ein yndig, liten topp med hullmønster. Brukte Sandnes Mini Duett, eit garn laga av 55% bomull og 45 % merinoull. Vil nok ikkje velga dette garnet igjen, då eg syns resultatet vart litt ujamnt. Min neste Bella vert nok strikka med Sandnes Mini Alpakka eller Tynn Alpakka fra DSA.



fredag 25. oktober 2013

Djevelhue og krage frå mitt favoritthefte!

Her kjem bilete av eit koselig prosjekt frå Lene Holme Samsøe! Må og få gje Ane ein stor takk for at ho tok seg god tid til å svara meg på mail då eg ikkje forstod oppskrifta på djevelhua i starten! Ho har ein av mine favorittbloggar, aneskreative.blogspot.no ! Ta ein kikk på bloggen hennar for inspirasjon!




tirsdag 15. oktober 2013

Ei glad sparkebukse

Denne sparkebuksa har lenge vore ein UFO, eller UFerdig Objekt om du vil, i botnen av strikkekorga mi. Det var difor ei veldig fornøgd sparkebukse som i sist veke kunne kalla seg sjølv verkeleg, ekte og ferdig! Til å verte glad av å sjå på! Liten grå flettehue er nå på pinnane mine, og eg ventar i spenning på pakke frå Pickles!

Garn: Lanett fra Sandnes garn
Pinner: str 3 og 3,5
Hefte: Lanett baby nr. 0914 (både sparkebukse og lue).





mandag 14. oktober 2013

Bamsekjole for tronghalsar!

I heile haustferien har eg vore sjuk. Det var difor eit stort lyspunkt når Marte Helgetun si strikkebok "I all enkelhet", samt 5 nøster garn kom i posten bare ein og ein halv dag etter bestilling! Veldig bra jobba! Bestilte den på www.martehelgetun.no/ Garnet eg fekk, Mirasol fra Du Store Alpakka, var fantastisk godt å strikke med! I går kveld vart eg ferdig med Bamsekjolen. Gild å strikka, og resultatet vart veldig bra! (Viss eg ser vekk frå at halsen vart i trongaste laget)...











  

Velkommen!

Endeleg har eg fått bloggen oppe å gå! Mykje å setta seg inn i, og eg må verkelig seie at eg saknar den kreative storesystera mi som er grafisk designer... Ho og familien bur for tida i Sør-Korea. Der bloggar ho om reisa på reisebloggen avleides.wordpress.com Men, mi kreative litlesyster bur ennå her, og ho har vore veldig hjelpsam med forslag til namn på bloggen😊  I ettermiddag skal eg prøva å legga ut mitt fyrste strikkeinnlegg!