torsdag 30. januar 2014

Har du orden i strikkesakene?

Det er ikkje lett å holda orden i strikkesakene... Eg prøver så godt eg kan, men det skal ikkje så mykje til før det vert uorden. No har eg hatt ei opprydding. Eg har ikkje verdas største garnlager, men du og du så mykje rot denne hobbyen lagar!

Ein ganske grei skjenk for oppbevaring av
strikkesaker..Så får heller steintøy, glass og diverse
 finna seg ein annan plass å vera!


Det går nok mest i Sandnes Alpakka,
Sandnes mini alpakka og tynn alpakka
frå Du Store Alpakka..Men med tida
må eg nok prøva ut litt andre garn og!



 Eit funn av ein knappeboks! Kjøpt på
 Biltema for ca 30 kroner:)

Ei mappe med plastlommar, samt
klisterlappar der eg har skrive på dei
ulike pinnestorleikane, til
rundpinnane mine.
 Mapper med plastlommar kan nyttast
til så mangt. Her samlar eg alle
oppskriftsheftene mine.

Ein god ide frå mi strikkande litlesyster.
Ho "stal" eit TrashPack-dyr frå
 5-åringen sin og gav det til meg når mine
 nye pinnestoppere bare falt av. Godt med
familiemedlemmar som kan tenkja litt
utanfor boksen:)
 Dette sklir ALDRI av!


Korleis organiserer du strikkesakene dine?

God strikkeklem frå Vigdis


søndag 26. januar 2014

Strikkeplagg, storm og snø!

I dag har me gått ein liten tur i storm og snø:) Eg nytta anledninga til å ta nokre bilete av nye og gamle strikkeplagg.
 

 Ein som ventar på at isen skal bli
skøyteklar:)

 Grys jakke frå All you knit is love av
Susie Haumann. Strikka i Sandnes
Alpakka. Supergod og mjuk!


Lue frå same hefte. Strikka i
Dale babyull.

 


 Ein genser eg strikka for fleire år
sidan. Trur det var frå eit Sandnes
hefte, nummer 0808 eller Sandnes
Mix 0910. Desse to heftene er uansett
 mine favorittar frå Sandnes.

 Jakke frå Sandnes nr 0914, strikka i
Lanett. Trur det var ei av dei fyrste,
skikkelige plagga eg strikka.


 Flettegenser og lue frå same hefte. 
Deilig å vera ute, både for kropp
 og sjel. Skulle ynskja eg hadde energi
til slike småturar kvar dag!
Godt innpakka:)
 
 
Det nærmar seg ny arbeidsveke, men ha ein god søndag, og nyt siste rest av helga:) 
 



tirsdag 21. januar 2014

Det går mot vår :)

Godt nytt år! Eit knippe (litt for gamle) tulipaner i vindauget mitt er nok det einaste som kan minna om vår akkurat no, men tida går fort. Snart er det tid for litt mindre klede, kaffi og strikketøy på terrassen i vårsola, at tulipanlaukane eg planta seint i haust byrjar å titta opp, og tida for den fantastiske vårlukta (for ikkje å snakka om det gode lyset og vårenergien)!



Men vintaren har sin sjarm den og, om ikkje anna vert det mykje meir strikking! Eg har strikka ein god del, og fått meg mange nye bøker og hefte som eg har testa ut ein del oppskrifter frå. Ikkje minst har eg, (som ikkje er av dei som stod fyrst i køen når viljen til å prøva ut nye ting på nett vart delt ut..) rett og slett blitt ein flittig brukar av Ravelry! Eg har til og med kjøpt ei oppskrift!

Her er litt av det eg har strikka i juleferien:

Viggos vest av Samsøe, og knebukse ( eller meir kortbukse)
fra Den Store Guttestrikkeboka.
 Veldig mange supre oppskrifter, og boka kan du
 lese meir om her:
 http://www.mamma.no/charlottpettersen/portefolje 


Lue fra ravelry.com Baby Cakes, Lisa Craig.
 Strikka i garn fra Viking.
Såg denne lua fyrste gong på bloggen
 http://strikkexpressen.blogspot.no/2013/10/ballongbukse-og-pilotlue.html?m=1
og då var det gjort!


Ballon bukser fra "All you knit is love"
 av Susie Haumann.
 Fekk inspirasjonen frå eit besøk på
 denne flotte bloggen:
 http://aneskreative.blogspot.no/2013/02/ballong-bukse.html?m=1
Strikka i tynn alpakka fra DSA.

 
Stripelue fra Den Store Guttestrikkeboka,
 strikka i Dale Baby Ull.

Lekedrakt fra musmei.blogspot.no


HA EIN FIN KVELD :)