fredag 21. februar 2014

Kva hefte har du strikka mest frå?

Det siste året har det kome ut mange fine strikkehefte og strikkebøker. Eg har kjøpt nokre av desse, men kva for eit hefte har eg eigentlig fått mest igjen for? Mange har nok liggande hefte eller bøker som ein aldri har strikka noko frå, men som virka veldig fristande då det vart kjøpt...

Her er eit utvalg (meir eller mindre vellykka) strikkehefte og bøker eg har kjøpt eller lånt det siste året. Kva hefte har det blitt strikka mest frå???




På 1. plass kjem dette hefte som eg har strikka desidert flest
ulike plagg frå; Babystrik på pinde 3 av Samsøe.


I heftet er det 10 oppskrifter: Bella baby, Bella teppe, Lillies top, Morfartrøye, Bukser, Hue, vanter og krave, Rilletrøje, Viggos og Viggas ribvest, Priktrøje og Fire fine trøjer. Av desse ti oppskriftene har eg strikka halvparten, og ennå har eg lyst til å strikka meir! Her er bilder av det eg har strikka frå hefte:

 Viggos ribvest
 Bella top
 Hue og krave

 Bella tunika
 Mislykka Priktrøje, omdøypt til
Stripetrøje!
På pinnane no: Rilletrøje i svart.
2. plassen trur eg nok eg må gje til Sandnes garn sitt hefte Norske Ikoner.

Eg har bare strikka to genserar frå dette hefte, men om ein ser på strikketid, altså tid gått med til strikking, er det nok kanskje dette hefte som kjem best ut. Dette er eit hefte eg kjem til å strikka mykje frå. No er eg ferdig med (eller rettare sagt levert frå meg til montering) Oslogenseren:

Eskimogensaren vart ferdigstilt i går kveld, og ligg no til tørk etter vasking. In-action-bilde kjem snart:)


Systera mi strikker Nancy-kofta frå dette hefte, og det kjem eg òg snart til å gjera. Den er råfin! Eg har òg lyst til å strikka Nordkappkofta til Unn Søyland Dale. Har då store planar om å "herma" etter Guro sitt utrulig flotte fargevalg! Denne kan du sjå her: http://gurolaga.blogspot.no . Gensarmodellane frå dette hefte er dessutan veldig fine i snittet, ikkje slik "Ball-genser frå 90-talet-fasong" om du forstår kva eg meinar.. (hugsar forresten veldig godt mine Ball-bukser og gensrar frå ungdomstida mi...Eg saknar ikkje fasongen for å seie det slik.....)



Den store guttestrikkeboka til Charlott Pettersen må muligens få vera med å dela på 2. plassen. Dette er kanskje ei av dei finaste bøkene sånn heilt estetisk sett, og kleda er heilt etter min smak. Eg har strikka Babyshorts og Stripelue med antenne frå boka, men det er utrulig mykje eg har lyst (og kjem til) å strikka frå denne boka.


 Babyshorts 1
 Stripelue med antenne

 Babyshorts 2


All you knit is love frå Susie Haumann var og eit godt kjøp. Av totalt 14 oppskrifter har eg fått strikka tre: Grys jakke, Hue med øreklaffer og Ballonbukser. Det er mykje meir eg vil strikka frå Haumann, og danske oppskrifter er veldig greie å strikka etter!







I all enkelhet av Marthe Helgetun er og ei fin bok, men trur plagga vert litt kjedelige etter min smak. Eg kjøpte nok boka mest grunna Bamsekjolen, og den er eg veldig nøgd med. Ellers har eg strikka lue med fletter, og dette var mitt fyrste bekjentskap med garnet Babysilk frå DSA. Lua er supermjuk og god!!


 Bamsekjole og lue med fletter


I Lanett baby nr 1013 er det veldig mykje fint. Eg har strikka 5 plagg frå dette hefte, og dette er eit hefte eg tek fram att med glede om eg vil strikka noko fint til baby!


Faktisk ei av dei få gongene eg
kan visa bilde av ting eg har strikka
in action! 



 Lille Vilde med heimestrikka antrekk.



Dette settet strikka eg i den
minste storleiken, og det var for
 lite til den 4 kilo store jenta som
 skulle ha det..Litt dårlig bilde,
men her er eit bilde
frå hefte:






Strikk til nøstebarn av Kathrine Gregersen har eg lånt på biblioteket. Bildene i boka framstår slik som boka: av eldre årgang. Eg ser mange gonger klede frå denne boka rundt om på bloggar, og då ser plagga mykje meir freistande ut enn dei gjer i boka.

Kanskje boka er utgjeven med nyare bilde og layout, kva veit vel eg? Kanskje det er biblioteket i bygda som ikkje har fornya seg på ei stund? Eg tykkjer òg det er irriterande med bøker og oppskrifter der strikkefastheten ikkje er oppgjeven. Totråds og tretråds vert gresk for meg.... Men eg har altså ikkje strikka noko frå denne boka...Det skal eg gjera, og kanskje er eg av ei anna oppfatning etterpå?



Eit hefte eg ikkje har strikka nokon ting frå er DIY frå Sandnes. Det såg veldig kult og fresht ut, og det er Lene Holme Samsøe og Hege T. Larsen som har laga kolleksjonen. Kanskje det vart litt for kult og fresht og oversized for ei halvgammal 34-årig husmor? Eller kanskje eg tek det fram att når eg når 40-års krisa??





Alt i alt trur eg faktisk danskane vant??
Kva er dine favoritthefte og bøker frå
strikkeverden?



lørdag 15. februar 2014

Luedilla

Det starta med at eg såg Hjertelue med sløyfe på bloggen strikkeganga.blogspot.no. Niesa mi på 5 år hadde vore på kino og sett Karsten og Petra -filmen same dag, så då sette eg i gang. Raskt og kjekt prosjekt, unnagjort på ein god kveld. Strikka på pinne 3,5 med restar frå Smart garn.


Neste dag ymta far frampå at han kunne trengt ei lue. Den skulle vera svart, og den skulle kunna brettast opp til OVER øyrene når det vart varmare i vèret.. Ho skulle dessutan vera heilt vanlig i forma og sitja godt over øyrene. Skikkelig kjedelig prosjekt, men ferdig i ein fei. Han kom opp, prøvte lua, sjekka at ho kunne brettast opp over øyrene, (såg egentlig ganske snål ut!) og forsvant før eg fekk teke bilde av ho. Uansett, eg vart kvitt endå meir av Smartgarnet mitt!

Lua med dusk fann eg oppskrift på på bloggen til Marhte Helgetun. Kjempekjekt å strikka fletter!
Den blå lua hugser eg ikkje kor eg fann oppskriften på, men veit at eg kjøpte noko Mitugarn på salg, og leita etter eit prosjekt eg kunne bruke det på. Dei andre luene har eg vel strengt tatt blogga om før, men dei gjorde seg så godt saman med dei andre at dei fekk lov til å koma i rampelyset dei òg!


Ha ein fortreffeleg laurdag! Her i huset skal me på handballturnering i Egersund. Tru om strikketøyet skal få vera med???


mandag 3. februar 2014

Norske ikoner

Tenkte eg ville dela nokre bilete av denne gensaren frå Sandnes. Tenåringsdattera vil ikkje ha med høg hals, så den kuttar eg ut... Eg er ferdig med bolen, og har bare ein og ein halv arm igjen å strikka...armar er kjedelige greier gitt! KEEP ON KNITTING!




søndag 2. februar 2014

BLÅSTRIKK

Kongeblå er eit anna namn på fargen blå. Namnet kjem frå middelaldaren då blå var ein dyr farge å produsera. Bare kongar og svært velståande personar hadde råd til blåfarga maling. Det var difor vanleg å ha på seg blått antrekk på portrett.

Ei anna forklaring på opphavet til kongeblått kjem òg frå gammalt av. Blant dei rike og velståande var det få som arbeida ute. Dei opphaldt seg så mykje inne at huda blei svært bleik og blodårene kunne sjåast tydeleg.

Så då veit eg sanneleg ikkje kvifor eg elskar denne fargen...anten er eg rik og velståande, eller så sit eg så mykje inne i strikkestolen min at huda er bleik med nyansar av blått??


 Panneband til baby, strikka i Fin frå
DSA etter oppskrift frå Marthe
Helgetun.

Pute med fletter, strikka i Perfekt frå
Gjesdal, pinne nr. 8. Inspirasjon til
oppskrift funne på bloggen
Eit stort minus med puta er at det
kvite innerfòret viser gjennom....