søndag 2. februar 2014

BLÅSTRIKK

Kongeblå er eit anna namn på fargen blå. Namnet kjem frå middelaldaren då blå var ein dyr farge å produsera. Bare kongar og svært velståande personar hadde råd til blåfarga maling. Det var difor vanleg å ha på seg blått antrekk på portrett.

Ei anna forklaring på opphavet til kongeblått kjem òg frå gammalt av. Blant dei rike og velståande var det få som arbeida ute. Dei opphaldt seg så mykje inne at huda blei svært bleik og blodårene kunne sjåast tydeleg.

Så då veit eg sanneleg ikkje kvifor eg elskar denne fargen...anten er eg rik og velståande, eller så sit eg så mykje inne i strikkestolen min at huda er bleik med nyansar av blått??


 Panneband til baby, strikka i Fin frå
DSA etter oppskrift frå Marthe
Helgetun.

Pute med fletter, strikka i Perfekt frå
Gjesdal, pinne nr. 8. Inspirasjon til
oppskrift funne på bloggen
Eit stort minus med puta er at det
kvite innerfòret viser gjennom....


5 kommentarer:

  1. Kongeblått er en nydelig farge! Tips til puta: sy et innertrekk i sort stoff:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Saken er den at eg har sydd puta så godt igjen på kryss og tvers at ho umulig
      å få opp att...

      Slett

Koselig om du legg igjen ein kommentar!