tirsdag 25. mars 2014

Flettejakke, lue og bukse.

Eg har funne eit nytt yndlingsgarn: Isager Highlandwool. Eg veit ikkje heilt kvifor eg fall så for dette garnet.. Det var eigentlig ikkje så mjukt som alpakkagarnet eg vanligvis strikkar med, men det gav meg ein følelse av EKTE garn, og plagga eg har strikka med dette garnet vart utrulig fine. Eg elskar fargen, Rose, og garnet var veldig drøyt.

 Endelig kom våren! Eg elskar strikking
 og kaffi i vårsola på terrassen! Elendig
kvalitet på bilde, ser mest ut som eg har
strikka lua i Super-akryl...
 Omslagsjakke frå Lene Holme Samsøe i
hefte 1013 frå Sandnes. MY MASTERPIECE:)
 Djevellue frå Babystrik på pinne 3.
Det er dette garnet, i denne fargen, som
er avbilda på lua og halsen på babyen inne i hefte.
Melert, og utrulig fin farge!
 Bukse frå Myk Start, strikka i
Dale babyull. Kjedelig med alle rillene, føles
som om strikketøyet aldri vert lengden det skal ha..
 
 
Så nå vert det ny bestilling frå Sommerfuglen dk. Er det nokon som har erfaring med dei andre typane garn frå Isager? Til dømes Alpakka 1 og Alpakka 2?

For mange strikkebøker = strikkefrustrasjon og for mange idear på ein gong...

Mange nye strikkebøker kan få skulda for at eg for fyrste gong i historia har mange prosjekt gåande på ein gong, utan at eg vert ferdig med så mykje.. Mange har eg kjøpt, ei har eg fått til bursdagen min og nokre har eg faktisk vunne på bloggen marionidetstorehvitehuset ! Det er utruleg kjekt å draume seg bort i strikkebøker, men samtidig er det litt frustrerande å ha lyst til å strikka mykje meir enn eg har kapasitet til...nokon som kjenner seg att??

Desse bøkene har eg bestilt frå Sommerfuglen.dk :



Viss eg skal kome med nokre anbefalinger må det nok bare bli Knit for your kid av Susie Haumann. Dei andre var så som så...


Her er fleire bøker/hefte eg har kjøpt:

Utrulig mykje fint her, men eit
minus er at det meste er i
rillestrikk... kan fort bli litt
kjedelig etter min smak.
 Bare må ha!!!
Ein rein nytelse å sjå på dei
flotte bilda i denne boka!
Veldig mykje fint!

Denne boka fekk eg til bursdagen min:

Her er det MYKJE eg vil strikke, og
garn frå Debbie Bliss er allereie kjøpt
inn på Loop i London!

Her er bøkene eg vant på Marion sin gi-bort:



Her var det mange ting eg har lyst til
å strikke, og eg liker spesielt godt
Strikk til småfolk av Allers!

Eg les om mange som har kjøpestopp på garn, men her i huset er det definitivt kjøpestopp på strikkebøker for ei stund!!!



søndag 2. mars 2014

Meir frå mitt yndlingshefte!

 Lillies topp frå Samsøe ligg og kosar seg i
solskin. Strikka i Tynn Alpakka frå DSA.
 Søte blåsvarte hjerteknappar.
 Eit veldig kjekt prosjekt!
Djevellue og ein vante..Slit alltid med
motivasjonen til å strikka nr. 2... Det vert liksom
aldri heilt likt av ein eller annan grunn..